Velkommen til Fantasihuset Banken!

Her finn du spesielle gaver både til deg sjøl og andre du er glad i – og du får ei unik oppleving på kjøpet.
Den gamle bankfilialen i Heidal er nå gjort om til Fantasihus med verkstad/atelier og butikk.

Om sommaren (skuleferien) er det ope måndag – fredag (laurdag) 10-16 (14). Om vinteren er det stengt på tysdagar. Utanom desse tidene kan det gjerast avtale for grupper.

Om lag midt mellom Oslo og Trondheim, på Sjoa tek du av E6 og køyrer 17 kilometer opp gjennom Heidal. Kjem du over Valdresflya, tek du av ved Randsverk og køyrer 15 kilometer ned Heidal. Da ser du eit stort fint skilt i vegkanten, og du er velkommen innom til ei eventyrleg oppleving.