Om oss

Eg er født (1953) og oppvokse i Heidal. Etter å ha arbeidd atten år i bank, kjøpte eg like godt den gamle bankfilialen i Heidal da det vart slutt på ordinær bankdrift her i 2001. Eg sleppte fantasien laus og laga Fantasihus, firmaet mitt heiter Flid og Fantasi. Ved sida av å vera gardkjerring skriv eg dessutan dikt/prologar og sangar til ymse høve. Eg kallar meg gjerne multiamatør, men andre har lurt på om det ikkje heller kallast multitalent.

Eg har heilt spesiell porselensmåling, inspirert av naturen og med ein god porsjon fantasi. I 2004 leverte eg premiane til Norgesmesterskapet i Elgbaneskyting, om lag 240 vaser og vel hundre fat. Vil du ha kvitt porselen og dekorere sjøl? Her er største utvalget i heile Gudbrandsdalen.

Eg målar på lerret også, og det heng til vanleg rundt tretti maleri som er til salgs her. Du kan få kjøpt måling, lerret og penslar til eige bruk om du ønskjer det. Litt trylling med ty og band er spennande, det kan eg gjera litt av – kanskje du også?

Og du, så mange englar! Englar av mange slag, både store og småe. Eg lagar sjøl tiffany-englar, berre lekkert.

Elles er det mykje anna fint å finna i denne svært spesielle butikken: litt gamalt porselen (vesl-koppar), russisk neverarbeid, handfilta tøflar og silkesjal.

I kjellaren er det vevstugu, 5-6 vevar med fleire forskjellige teknikkar.

Det blir frå tid til anna halde ”kvelds-seto” / arrangement som demonstrasjon av håndverk eller forteljarkveldar.